sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

BLÅSEINSTRUMENT

SHARON BEZALY

Fløyte

Sharon Bezaly er skildra av The Times som "Guds gåve til fløyta", og som fløytist er ho hylla som "så å seie utan jamlike i verda i dag", classicstoday.com. Ho har inspirert så ulike kjende komponister som Sofia Gubaidulina, Kalevi Aho og Jeff Beal til å skrive for seg. Per i dag har ho tjue konsertar som er dediserte til henne, og som ho framfører over heile verda. 

I samarbeid med dei største orkestera i verda, som orkester i Minnesota, Leipzig, London, Seoul, Taiwan, Cincinnati, Stockholm, Stuttgart, Göteborg, Haag, Lahti og andre steder, har Bezaly spela med kjende dirigentar som Osmo Vänskä, Neeme Järvi, Zubun Mehta, Alan Gilbert, Lan Shui, Mertyn Brabbins og John Neschling. Når det gjeld kammermusikk, samarbeider ho med musikarar som Gidon Kremer, Vladimir Ashkenazy og Ronal Brautigam, og ho har opptredd i Wigmore Hall, Consertgebouw, Sydney Opera House og ved BBC Proms. 

Sharon Bezaly har alltid vore svært interessert i samtidsmusikk og er den nolevande fløytisten med flest konsertar og kammermusikalske stykke som er inspirerte av og dediserte til henne - av meir enn to dusin komponistar, blant andre Kalevi Aho, Christian Lindberg, Hakur Tómasson, Sofia Gubaidulina, Zhou Long og Jeff Beal. 

 

I samarbeid med plateselskapet sitt, BIS, har Bezaly laga mange spennande innspelingar. Dei spenner frå kjernerepertoaret for fløyte, som Mozart, Ibert og Nielsen, til nybrotsarbeid med repertoar frå komponistane som har dedisert arbeid til henne. Det er desse verka som har gitt henne størst anerkjenning, for eksempel Diapason d'Or (Diapason), Choc (Monde de la Musique), Editor's Choice (Gramophone) og Stern des Monats (Fono Forum).

 

Bezaly spelar på ei 24-karats gullfløyte, laga spesielt for henne av Muramatsu-teamet. Ho vart uteksaminert frå Conservatorie de Paris med toppresultat, har vore BBC New Generation Artist  (2006/08), var den første blåsaren som vart Artist in Residence for Residentie Orkest (2007/08), og vart vald til full medlem av Kungliga Musikaliska Akademien i mai 2018.  

KARL-HEINZ STEFFENS

Klarinett

Karl-Heinz Steffens er sett på som ein framståande dirigent både i operaverda og i den symfoniske verda, og han er ein svært etterspurd gjestedirigent.

Dei siste sesongane har han arbeidd med orkester som Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks, Berliner Philharmoniker, Israel Philharmonic, Lyon National, Münchner Philharmoniker, Kungliga Filharmonikerna, Salzburg Mozarteum og Zürich Tonhalle Orchestras og nyleg med radiosymphoniorkestra i Berlin, Köln, Frankfurt, Hamburg, Hannover, Leipzig og Stuttgart. Denne sesongen er han tilbake i Netherlands Philharmonic Orchestra, Filharmonica Teatro Regio Torino og held fram med å besøkje Skandinavia med Helsingfors stadsorkester (Helsinki Philharmonic) og ein symfonisyklus med verk av Brahms med Norrköpings Symfoniorkester. Han debuterer òg i Nord-Amerika med Toronto Symphony. Sist sesong avslutta han syklusen sin med verk av Brahms med Philharmonia Orchestra, der han dirigerte Rekviem og opptredde som solist i komponistens Klarinettkvintett.

Steffens er like heime i operahuset. Han dirigerte på premieren til Pelléas and Mélisande i Den Norske Opera, der han også har dirigert verk av Cosi fan Tutte, Fidelo og Calixto Bieitos Tosca. Fleire gonger har han vore i Teatro alla Scala, der han har leidd framføringar av Cosi fan Tutte, Don Giovanni og Götterdämmerung, og nyleg debuterte han i Zürich Opera med Cosi fan Tutte. Han er jamleg invitert til Berlin Staatsoper Unter den Linden, der han denne sesongen har dirigert framsyningar av Fidelio.

Før dirigentkarrieren var Steffens ein høgt respektert soloutøvar på klarinett. Han var òg medlem i fleire orkester, mellom anna var han hovudklarinettist med Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks og Berliner Philharmoniker.

Please reload