FOLKEMUSIKK

ANDRIS HEMSING

Fiolin

Andris Hemsing (f. 1995) har gått i lære på hardingfele heime i Valdres. Han har også vore elev ved Talentskolen ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og vore med i eit talentprogram for jazz og improvisasjon ved Norges Musikkhøgskole. Andris har fleire topplasseringar som hardingfelespelemann på Landskappleiken og andre kappleikar, og han har vore invitert til Festspillene i Bergen, Hilmarfestivalen, Nordlysfestivalen, Fjelljazzen på Beitostølen og Dølajazz på Lillehammer. Han har også vore gjest i NRK Folkemusikktimen, og han fekk tildelt Eckboes stipend for unge folkemusikkutøvarar på Telemarkfestivalen 2011.

Andris var invitert til Førde International Festival i prosjektet «Talent 2014», og i 2015 var Andris musikar for FRIKAR dansekompani på deira kritikarroste oppsetjing, Gotoguta. Han har nyleg vore på turnè som musikar for FRIKAR X i danseprosjektet «Slepp». Det er musikalsk allsidigheit som kjenneteiknar Andris.

BENTE HEMSING

Fiolin

Bente Hemsing er utdanna instrumentalist og fiolinpedagog frå Østlandets Musikkonservatorium i Oslo ved sidan av å ha vore ein aktiv folkemusikar frå tidleg alder. Ho jobba i fleire år som utøvande musikar i Valdres folkemusikkgruppe. Med si spesielle evne for undervisning, talentutvikling og ikkje minst formidling av musikkglede, er ho ein ettertrakta pedagog. Ho arbeidar no som kulturskulerektor i Etnedal kommune og som frilans musikar og pedagog på hardingfele, fiolin og tradisjonssong.

Bente har hatt oppdrag for NRK, som orkestermusikar i profesjonelle symfoniorkestere, og ho har reist turnear med folkemusikk for Rikskonsertane både i Norge og i India. I ein periode var ho fast fiolinist i Stavanger Symfoniorkester og i Oslo Barokkorkester.

Av pedagogisk verksemd kan nemnast undervisning i kulturskular, i vidaregåande skule, ved Barratt Due musikkinstitutt og Valdres Sommersymfoni, ved ulike orkester- og folkemusikkseminar, og som foredragshaldar om tradisjonsmusikk på høgskulenivå. Bente er også nytta som dommar på kappleikar og i juryar for musikarstipend.

Bente har vunne fleire prisar som td ”Andris Dahles Minnepris” for lydarlåttspel på hardingfele (1998), og i 2004 gav ho ut den kritikarroste CD-en ”Solé sprett” med eigenarrangert folkemusikk frå Valdres. I 2014 vart ho tildelt Eckboes Legaters Kulturpris for sin innsats som kulturformidlar under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Dei siste åra har ho hatt eit aktivt duosamarbeid med Stein Villa, m a med turnè i Den kulturelle skolesekken for Rikskonsertene i Oppland og i Den kulturelle spaserstokken.

EINAR OLAV LARSEN

Folkemusikk

Einar Olav Larsen (f. 1979) driver som frilans folkemusiker og pedagog med base i Verdal i Trøndelag. Han har hatt en omfattende virksomhet siden han gikk ut fra Spelemannskolen ved Ole Bull Akademiet i 2000. De siste årene har han bl.a. vært aktuell med sin egen trio og spilt mye med sin bror, Gjermund Larsen. Sammen mottok de Spellemannsprisen 2015, klassen folkemusikk/tradisjonsmusikk, og de to har nå samarbeidsprosjekter med Hemsingsøstrene og Trondheimsolistene.

Av andre priser kan nevnes Osa-prisen, Hilmar Alexandersen musikkpris, Ole Vig-prisen.

Turnéring i inn- og utland kombineres med en sterk lokal forankring og han spiller like gjerne til dans som til konsert.

Foruten den vanlige fela, bruker Einar Olav hardingfela en god del. Han er en av få som er A-klasse-spellmann på både fele og hardingfele.

Einar Olav sitt musikalske utgangspunkt er arven etter Hilmar Alexandersen, en av norges fremste folkemusikere på forrige århundre, og rytmisk og særprega Verdals-spell!

GJERMUND LARSEN

Folkemusikk

Gjermund Larsen (f. 1981) ble den første til å avlegge Diplomeksamen i folkemusikk på fiolin ved Norges Musikkhøgskole i Oslo våren 2008. Hans musikalske utgangspunkt er tradisjonsmusikken fra Verdal, og etter felespilleren Hilmar Alexandersen (1902-1993) fra Steinkjer.

 

Som komponist har Gjermund siden 2008 vært svært aktiv; Fire plateutgivelser med Gjermund Larsen Trio, tre folkemusikksuiter skrevet til Trondheimsolistene, folkemusikksuite til Det Norske Solistkor, Musikkdramaet ”Folkehelten” ved Nord-Trøndelag Teater, samt en rekke bestillingsverk til norske festivaler.

 

Som solist har Gjermund spilt med noen av de fremste kor og orkestre i Norge og Europa; Oslo-Filharmonien, Kringkastingsorkesteret, London Philarmonian, SWR Sinfonieorchester (Tyskland), Ensemble Modern (Tyskland), Trondheimsolistene, Danmarks Radiokor og Det Norske Solistkor. Gjermund opptrer ellers med bl.a. Hemsingsøstrene, Frode Haltli og bror Einar Olav Larsen.  Han har vunnet Spellemannprisen seks ganger, og ble i 2010 nominert til Grammy for plata ”In folk style”, sammen med Trondheimsolistene.

STEIN VILLA

Stein Villa er ein allsidig musikar med eldre folkemusikkinstrument og folkeviser som spesialitet. Han er busett på Gjøvik og arbeider ved Mjøsmuseet som tradisjonsmusikkarkivar og formidlar. I tillegg reiser han rundt til barnehagar, skular, høgskular og institusjonar med ulike musikkopplegg, der han spelar, syng, lærer bort songstubbar og lèt publikum få nærkontakt med ei rekkje instrument, som langeleik, norsk harpe, lyre, beinfløyter og sekkepipe. Formidlinga i barnehagar og skular har vore finansiert gjennom Den kulturelle skolesekken sidan denne ordninga vart oppretta.


Stein Villa spelar i forskjellige samanhengar, frå mellomaldermusikk via bluegrass og keltisk til tatermusikk og lokale salmetonar. Han har komponert og turnert for Hedmark Teater, Teater Innlandet og Rikskonsertane og har medverka på ei lang rekkje cd-produksjonar. I 2014 gav han ut cd-en Kammersmusikk gjennom Etnisk Musikklubb saman med kona, Marit Steinsrud. Elles har han hatt konsertar og spelekurs i Tyskland, Italia, Finland, Danmark, Sverige, Frankrike, Baltikum og på Island.


Også som improviserande teatermusikar har Villa brei erfaring, spesielt i samband med barneteater. Han har elles hatt innslag i Norge rundt og Frokost-TV om seljefløyter og instrumentmaking.

 

Villa er med i Gjøvik spelmannslag både som musikar og pådrivar for kursverksemd som mellom anna omfattar munnharpesmiing, seljefløytespikking og spel på langeleik, harpe og munnspel.

Please reload

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS