bli med som

Frivillig

Hemsingfestivalens frivilligtropp syt for at festivalen har bestått no i heile ti år! Festivalen set umåteleg pris på den jobben dei gjer.

Frivilliges betydning for festivalen:

Alle festivalar treng frivillige og me set umåteleg pris på den jobben de gjer. Ragnhild og Eldbjørg gler seg til årets festival og ser fram til eit godt samarbeid med dei frivillige i år som i fjor.

Tidligare evalueringar syner at dei frivillige på festivalen har sett pris på å vera med, samt at dei har trivst med oppgåvene dei har blitt tilrådt. Samstundes ynskjer våre frivillige framleis å vere frivillige. Det set me pris på.

..MEN festivalen utvidar seg og me har behov for endå fleire frivillige!

Oppgåver for frivillige:

Oppgåver som frivillig vil vere å førebu konsertlokala for øvingar og konsertar, å selja billettar/registrere førehandsbestilte billettar, førebu mottaking etter opningskonserten, servere, rydde, sal av mat og drikke i samband med enkelte av arrangement til publikum, tenne faklar, skilting av parkering og arrangement, bygging og riving av iglo (ei nyvinning me gler oss til å opne utanfor Frikar-Smia!), opprigg og nedrigg av konsertarenaene med meir. 

Felles for alle vakter er at alle må hjelpe kvarandre, bidra til at det er ryddig og godt framkommeleg og at alle har brannvakt i form av at me må ta ansvar både under konsertar, måltid og elles i alle lokalar, at me er årvakne for å forebygge ein eventuell brann.

Dette får frivillige tilbake:

  • Mat og alkoholfri drikke på vakter.

  • Fribillett på valfri konsert

  • Tilbod om å vere med på Konsertkviss (anbefalas!)

  • Innblikk “behind the scenes”

Kven kan søkje?

Kravet for å vera frivillig er at du er blid, positiv og har god dugnadsand. Om du har behov for tilrettelegging, ta kontakt med frivilligsjef Martine Willemstein (frivillig@hemsingfestival.com).

Tips nokon du kjenner

Kjenner du nokon som har lyst til å vere frivillig og har dei eigenskapar festivalen treng, gi oss eit hint!


jan
07.

Påmeldingsskjema

Søknadsfrist 07. jan
Søk her