sponsor_valdres.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS

major.jpg
sponsor_ofk.png

ENSEMBLER

QUATUOR MODIGLIANI

Strykekvartett

Den Paris-baserte Quatuor Modigliani (Modigliani-kvartetten) feirar 15-årsjubileum denne sesongen, og kvartetten er ein fast gjest på dei mest kjende scenene i verda og i dei beste programma med strykekvartett- og kammermusikk.

 

I denne og neste sesong skal Modigliani-kvartetten turnere i USA, Sør-Amerika, Japan og dessutan i store delar av Europa. Høgdepunkt blir Wigmore Hall i London, Paris Auditorium du Musée du Louvre, Morgan Library & Museum i New York, Kölner Philharmonie, Brussel Flagey, Pierre Boulez Saal i Berlin, Prinzregententheater i München, Tokyos Oji Hall og festivalar som Salzburg Festspiele, Schubertiade Schwarzenberg, Menuhin Festival Gstaad og Festspiele Mecklenburg-Vorpommern. I 2017 var Modigliani-kvartetten den første strykekvartetten som opptredde i Hamburgs Elbphilharmonie.

 

Kvartetten har gitt ut plater på Mirare sidan 2008, og så langt har det vorte åtte cd-ar, som alle har fått prisar og gode kritikkar internasjonalt. Neste plateslepp blir Carnet de voyages. Modigliani-kvartetten har etablert ein nær kunstnarleg vennskap med andre artistar og spelar jamleg saman med musikarar som Nicholas Angelich, Daniel Müller-Schott, Yefim Bronfman, Sabine Meyer, Beatrice Rana og Renaud Capucon.

 

Etter å ha bygd opp sin eigen klang og profil gjennom femten år er Modigliani-kvartetten no glad for å kunne gi si erfaring vidare til neste generasjon. I 2016 danna dei «Atelieret» innanfor festivalen i Evian, og kvartetten hadde ei rekkje masterklasser ved Conservatoire National Supérieur de Musique de Paris i november 2017.

 

Takk vere sjenerøs støtte frå private sponsorar spelar Modigliani-kvartetten på fire framifrå italienske instrument: Amaury Coeytaux spelar på ein fiolin frå 1773 laga av Giovanni Battista Guadagnini, Loïc Rio spelar på ein fiolin frå 1780 av Giovanni Battista Guadagnini, Laurent Marfaing spelar på ein bratsj frå 1660 av Luigi Mariani, og François Kieffer spelar på ein cello frå 1706 av Matteo Goffriller.

TO DAMER, TO HERRER

Fiolin, bratsj, fele, hardingfele

Eit møte mellom tradisjonsmusikk frå Valdres og Trøndelag og den klassiske musikken med syskenpara Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen. Dei spelte sin fyrste konsert på Hilmarfestivalen i Steinkjer i 2011, og etter det har dei spelt i lag jamleg på ulike festivalar og på fleire kyrkjekonsert-turnéar i Noreg. Den musikalske ideen er møtet mellom syskenpara og musikken som oppstår i brytninga mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, og mellom folkemusikken og den klassiske musikktradisjonen. Begge syskenpara er godt forankra i sine respektive folkemusikktradisjonar, og Gjermund skriv også nykomponert musikk til kvartetten. Hemsingsystrene er blant våre aller fremste utøvarar i den klassiske musikktradisjonen.

VALDRESSTRYKERNE

Barne- og ungdomsorkester

Valdresstrykerne er eit barne- og ungdomsorkester i Valdres som vart stifta i 2002. Leiarane av orkesteret er Eivind Dølerud og Susanne Engelmann. Elevane kjem hovudsakleg frå Nord-Aurdal, Vestre og Øystre Slidre, og orkesteret øver ukentleg på Fagernes. I profilen til orkesteret blir det lagt vekt på å fremje samarbeid mellom folkemusikk og klassisk musikk, og dei har også samarbeidd med lokale kor. Valdresstrykerne har elles i ei årrekkje hatt samarbeid med det spanske orkesteret Cemb som held til i Barcelona.

Please reload