HEMSINGFESTIVALEN 2019

Røter og forgreiningar

Velkomen til Hemsingfestivalen 2019!

Årets festivaltema er røter og forgreiningar.

Eit tre greinar seg både oppover og nedover, og me presenterer tradisjon og nytenking. I ordet "greinar" legg me både fortid og framtid.

Alt har ei historie som det blir skapt ny kunst ut ifrå. Røter og tradisjon er vårt skattkammer og grunnlag for mange nye impulsar, kreativitet og ny kunst. Me har sett saman eit festivalprogram som speglar både historie og nyskaping.

 

Hemsingfestivalen vil spesielt løfte fram samtidskomponisten Lasse Thoresen dette året, og fleire av verka hans blir spelt på konsertane i løpet av festivalen.

Festivalen har også rabatterte prisar for born 0-16 år og for dei med abonnement på A-kort.

Festivalpass: 2200,-
Prisar oppgitt er for vaksne/barn

19 Feb 2019

19.00

UTSOLGT

Smak med tonar

4-rettars middag med musikk på Nythun!

 

Programleiar: Erling Dahl jr.

Det blir servert mat av ypparste kvalitet med musikkinnslag innimellom dei fire rettane. 

Me ber gjestane møte på Nythun klokken 18.30, for å vera klare til middag klokken 19.00.

​NB: Festivalpass gjeld ikkje her

PROGRAM

 

Franz Liszt: La leggierezza

Julien Quentin

Gaspar Cassado: Requiebros for cello og piano

Adam Krzeszowiec og Michal Friedlander

Moritz Moszkowski: Suite for to fiolinar og piano i g-moll, op. 71

Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing og Julien Quentin

Johannes Brahms: Strykekvartett op. 51 nr. 1

Modigliani Quartet

Leonard Bernstein: Sonate for klarinett og piano

Michal Friedlander og Karl-Heinz Steffens

Camille Saint-Saëns: Rondo Capriccioso

Eldbjørg Hemsing og Julien Quentin

20 Feb 2019

09.30

Musikkhage

I Vestringsbygda barnehage i Aurdal.

 

Stein Villa og Bente Hemsing spelar ulike instrument som fløyte, bukkehorn, langeleik, fele og hardingfele. Med konserten Musikkhage vil dei spela, prate og synge for og med ungane.

 

Lukka arrangement i samarbeid med Vestringsbygda barnehage.

20 Feb 2019

16.30

NOK 250,-

Foredrag og majel

Frå motgang til siger, Edvard Grieg 1877-1885, foredrag med Erling Dahl jr. på Frydenlund skysstasjon i Aurdal. 

 

Lengd på foredraget: 60 min

NB: Festivalpass gjeld ikkje her grunna begrensa plasser

Frydenlunds vener sel majel (lokal varm matrett) og drikkevarer. 

Erling Dahl jr. er ein glitrande formidlar. Han har skrive bøker og artiklar om Edvard Grieg og har halde foredrag og forelesningar i mange land. Bøkene hans er omsette til både japansk, kinesisk og engelsk. Erling Dahl jr. er tidlegare direktør for Edvard Grieg Museum, Troldhaugen og Festspillene i Bergen.

20 Feb 2019

19.00

NOK 350/220,-

Festopning "Frå Wien til Aurdal"

Festopning i Aurdal Kirke

Programleiar: Erling Dahl jr. 

Lengd: 1 t 40 min

PROGRAM

Ludwig van Beethoven: Strykekvartett op. 18 nr. 6

Modigliani Quartet

 

Lasse Thoresen: Invocation of Crystal Waters, op. 52 nr. 3 for solo klaver

Julien Quentin

Alban Berg: Frå Kammerkonzert, trio for fiolin, klarinett og piano

Eldbjørg Hemsing, Michal Friedlander og Karl-Heinz Steffens

Bestillingsverk av Gjermund Larsen, spelt av "To Damer, To Herrer"

Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, Gjermund og Einar Olav Larsen

Johannes Brahms: Strykesekstett i B-dur op. 18

Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Lilli Maijala, Georgy Kovalev, Andreas Brantelid og Adam Krzeszowiec

20 Feb 2019

21.00

NOK 475,-

3-rettars middag på Nythun

Etter opningskonserten i Aurdal kirke er det mogleg å bestilla 3-rettars middag på Nythun, rundt klokka 21.00. Påmelding direkte til Nythun.

21 Feb 2019

10.30

Gratis

Guida skitur

Guida skitur (rundt 13 km) med Marit frå Nythun til konserten Musikksporet 1 i Aurdal fjellkirke. 

 

Oppmøte på Nythun kl. 10.00.

NB: Påmelding til vertskapet på Nythun innan kl. 20.00, torsdag 21. februar. 

21 Feb 2019

13.00

NOK 300/180,-

Musikksporet 1 "Norske bukkesprang og fransk lidenskap"

Musikksporet 1 - matinékonsert i Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen

Programleiar: Erling Dahl jr. 

Lengd: 50 min

Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå seg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i fult skiantrekk og nyte 45 minutter med klassisk musikk, før du kan ta på deg skia og halde fram skituren. 

Det blir organisert transport tilbake til Nythun ved påmelding direkte til vertskapet. 

PROGRAM

Øistein Sommerfeldt: Sonata Saxifraga, op. 69 for fiolin

Eldbjørg Hemsing

Bjarne Brustad: Capricci for fiolin og bratsj

Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing

Claude Debussy: Strykekvartett i g-moll op. 10

Modigliani Quartet

21 Feb 2019

13.00

UTSOLGT

Rakfisk Forte Fortissimo

Rakfisk Forte Fortissimo - konsert og lunsj på Noraker Gård

Programleiar på konserten: Lasse Thoresen

Lengd på arrangementet: 1 t 45 min

NB: Festivalpass gjeld ikkje her

Buffé med spesialitetar og kortreist mat. Nils Noraker fortel om gardens historie og rakfiskproduksjon.

 

Frammøte kl. 12.45 for å vere klar til lunsj ca kl. 13.00.

 

PROGRAM

J.S. Bach: Suite nr. 5 for cello solo

Georgy Kovalev

 

Lasse Thoresen: Tidehverv op. 41 for bratsj og cello

Georgy Kovalev og Andreas Brantelid

 

Ludwig van Beethoven: Stryketrio i D-dur, op. 9 nr. 2

Eldbjørg Hemsing, Georgy Kovalev og Andreas Brantelid 

21 Feb 2019

14.30

NOK 300,-

Enkel lunsj på Nythun

Påmelding direkte til Nythun 

21 Feb 2019

16.30

NOK 200/100,-

Musikkaperitiff "Huttemetu før ei kjering"

Konsert på Frydenlund skysstasjon

 

Lengd på arrangementet: 60 min (musikkdel 35 min)

NB: Festivalpass gjeld ikkje her grunna avgrensa plassar

 

Minikonsert med forteljingar og tradisjonsmusikk på hardingfele, langeleik, bukkehorn og harpe ved musikarane Stein Villa og Bente Hemsing.

Sal av drikke med ein smakebit av lokalprodusert rakfisk og kurv før konserten i Aurdal kirke kl. 18.00. Det er gangavstand til kyrkja.

21 Feb 2019

18.00

NOK 320/200,-

Kyrkjekonsert "Inspirasjon"

Kyrkjekonsert i Aurdal kirke

Programleiar: Erling Dahl jr. 

Lengd: 1 t 30 min

PROGRAM

Nikolay Myaskovsky: Cellosonate nr. 2 i a-moll op. 81

Andreas Brantelid og Julien Quentin

Lasse Thoresen: YR op. 13, for solo fiolin, med dans og koreografi av Hallgrim Hansegård

Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård

Johannes Brahms: Klarinettkvintett i b-moll op. 115

Karl-Heinz Steffens og Modigliani Quartet

21 Feb 2019

20.15

NOK 600,-

Middag på Nythun

Middag på Nythun med buffé "Valdres-bord" mellom arrangementa "Inspirasjon og "I Kveldsetun". Påmelding direkte til vertskapet på Nythun.

21 Feb 2019

22.30

NOK 330/200,-

I kveldsetun "To Damer To Herrer"

I kveldsetun på låven ved Nythun

Lengd: 1 t 10 min

Eit møte mellom tradisjonsmusikk frå Valdres og Trøndelag, og den klassiske musikken, med syskenpara Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen. Dei spelte sin fyrste konsert på Hilmarfestivalen i Steinkjer i 2011, og etter det har dei spelt i lag jamleg på ulike festivalar og på fleire kyrkjekonsert-turnéar i Noreg. 

 

Den musikalske idéen er møtet mellom syskenpara og musikken som oppstår i brytninga mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, og mellom folkemusikken og den klassiske musikktradisjonen. Begge syskenpara er godt forankra i sine respektive folkemusikktradisjonar, og Gjermund skriv også nykomponert musikk til kvartetten. Hemsingsystrene er blant våre aller fremste utøvarar i den klassiske musikktradisjonen.

Baren er open på Nythun.

22 Feb 2019

08.30

NOK 350,-

Frukostkonsert "Morgonstemning"

Morgonstemning - frukostkonsert på Nythun

Minikonsert ca. kl. 09.00 med festivalens artistar. 

Dei som bur på Nythun, får gratis inngang.

Programvert: Lasse Thoresen

PROGRAM

Edvard Grieg: Morgenstemning frå Grieg Suite, op. 46, arrangert for klaver

Michal Friedlander

Johan Svendsen: Romanse op. 26

Ragnhild Hemsing og Michal Friedlander

Trad. hadringfele "Grålysing"

Andris Hemsing

Ole Bull: Et seterbesøk

Eldbjørg Hemsing og Michal Friedlander

Lasse Thoresen: Invocation of Pristine Light, op. 51 nr. 1

Michal Friedlander

Händel-Halvorsen: Passacaglia

Eldbjørg Hemsing og Adam Krzeszowiec

22 Feb 2019

10.30

Gratis

Guida skitur

Guida skitur (rundt 13 km) med Marit frå Nythun til konserten Musikksporet 2  i Aurdal fjellkirke.

 

Oppmøte på Nythun kl. 10.00.

NB: Påmelding til vertskapet på Nythun innan kl. 20.00, fredag 22. februar.

22 Feb 2019

13.00

NOK 300/180,-

Musikksporet 2 "Natur og hulder"

Musikksporet 2 - matinékonsert i Aurdal fjellkirke på Aurdalsåsen

Programleiar: Erling Dahl jr. 

Lengd: 50 min

Dette er eit unikt høve til å oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell. Her har du også moglegheit til å gå på ski til konserten og teste ut dei fine skiløypene i området, sette frå deg skia utanfor fjellkyrkja, gå inn i skiantrekk og nyte 45 minutter med klassisk musikk, før du kan ta på deg skia igjen og halde fram med skituren. 

Det blir organisert transport tilbake til Nythun ved påmelding direkte til vertskapet. 

PROGRAM

Tradisjonslåttar frå Valdres på hardingfele

Andris Hemsing

Bjarne Brustad: Frå Eventyrsuite, Natur og hulder for solo fiolin

Ragnhild Hemsing

Gjermund Larsen: Utdrag frå bestillingsverk til Vinne kyrkje sitt 200-års jubileum

Gjermund Larsen og Einar Olav Larsen

Mari Eriksmoen, sopran, og Gjermund Larsen, fele

Ludwig van Beethoven: Serenade, Op. 25, for fløyte, fiolin og bratsj

Sharon Bezaly, Ragnhild Hemsing og Lilli Maijala

22 Feb 2019

15.00

NOK 300,-

Middag "husmannskost" på Nythun

Påmelding direkte til vertskapet på Nythun

22 Feb 2019

15.00

NOK 250/0,-

Familiekonsert «Dyrenes karneval» i Frikar-Smia i Aurdal

Lengd: 60 min

Vaksne 250,- / gratis for born under 16 år

Konsert med Valdresstrykerne og musikarar frå Dextra Musica ved Mons Michael Thommessen (fiolin), Kristin Pas (bratsj), Maria Conde Campos (cello), Sverker Rundqvist (kontrabass), Felix Niel (fløyte) og Ingeborg Elisabeth Moe (klarinett). Duo Futt: Olga Jørgensen (klaver), Julie Yuqing Ye (klaver) og Geir Syrrist (slagverk). 

 

Programleiar og forteljar, Eilif Hellum Noraker.

Elsine Haugstad, dirigent. 

Kjære damer og herrar, dette er ein heilt uvanleg sjanse! Vi er inviterte til å vere med på «Dyrekarnevalet» – ei festframsyning utan like, først og fremst for dyr, men vi kan vel rekne oss som dyr, vi òg? Invitasjonane har gått land og strand rundt, til jungel, til fjell og savanne – og i dag har alle kome fram til den heilt naturlege adressa for festen her i Aurdal. Vel møtt, alle saman! Bienvenu, welcome, karibu! 

 

OM MUSIKKEN:

 

«Dyrekarnevalet» er skrive av den franske komponisten Camille Saint-Saëns. Det er eit kammermusikkverk for to klaver, to fiolinar, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, klarinett og slagverk.

 

Stykket består av 14 satsar som beskriv forskjellige dyr. Det er mange spennande dyr i Saint-Saëns’ dyrehage, og til og med dinosaur-fossila dansar med. 

 

I «Dyrekarnevalet» dansar elefanten ein liten vals, men sidan det er eit stort dyr som dansar, kan ein høyre at valsen er tung, litt treg og langsam. Klarinetten imiterer gauken, den mørke klangen frå klaveret kan derimot illudere ein mørk og litt dyster skog. Svana er så vakker, og det er ikkje vanskeleg å førestille seg ei kvit svane som glir over vatnet med eit klaver som illuderer dei små bølgjene. Også skjelpadda får plass, ho dansar cancan, ein dans som eigentleg er svært rask, men skjelpadda dansar tvert om svært langsamt.

 

 

PROGRAM

 

Solonummer med dei minste frå Valdresstrykerne

 

Camille Saint-Saëns: Dyrenes Karneval, med forteljar.

 

Ole Olsen: Suite for strykere op. 60.
Satsar: sang - nordlys og isfjell - vår - drøm - blant sigøynere - dverger og alver - solefallsang

22 Feb 2019

15.30

NOK 270/150,-

Konsertkåseri

Konsertkåseri med komponist Lasse Thoresen i Festsalen på Valdres Folkemuseum på Fagernes.

Lengd: 70 min

Musikk ved artistar frå festivalen

Lasse Thoresen er ein av Noregs mest anerkjente og spennande samtidskomponistar. Fleire av verka hans har fått stor merksemd i Noreg og internasjonalt. I 2010 mottok Thoresen Nordisk Råds Musikkpris for sitt op. 42, folkemusikkinspirerte verk skrive for Nordic Voices.

22 Feb 2019

17.30

NOK 300/200,-

Kammerkveld "Uvanlege kvintettar"

Kammerkveld i Aurdal kirke

Programleiar: Erling Dahl jr. 

Lengd: 1 t 30 min

PROGRAM

Lieder av Richard Strauss og Hugo Wolff

Mari Eriksmoen og Michal Friedlander

Lasse Thoresen: Turr Brunn. Fuglen i Perlemorskyen for solo cello

Adam Krzeszowiec

Johan Kvandal: Kvintett for strykere og hardingfele op. 50

Ragnhild Hemsing, Eldbjørg Hemsing, Mons Michael Thommessen, Lilli Maijala og Andreas Brantelid

Franz Schubert: Strykekvintett i C-dur, D.956

Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Georgy Kovalev, Andreas Brantelid og Adam Krzeszowiec

Den norske komponisten Johan Kvandal har 100-års jublieum i 2019, og dette ynskjer me å markere med å spele stykket for strykekvartett og hardingfele. Dette er eit flott og unikt verk som bør bli spelt oftare. 

22 Feb 2019

20.00

NOK 320/200,-

Virtuosquiz i Frikar-Smia

Virtuosquiz i Frikar-Smia

Lengd: 1 t 45 min

Me avsluttar laurdagskvelden med ein uformell musikkquiz og konsert. Virtuosquiz er ein gyllen anledning for deg til å bli kjend med musikarane frå ein annan side. Bente Hemsing leiar quizen, og festivalens artistar opptrer. Innimellom musikkinnslaga blir det varierte spørsmål som publikum kan svare på enkeltvis eller i gruppe.

 

Sal av rakfisklefse frå Noraker, festivalsuppe og drikkevarer. Dørene opnast rundt 19.15. Det er gangavstand frå kyrkja.

23 Feb 2019

12.00

NOK 320/200,-

Avslutningskonsert i Aurdal Kyrkje

Avslutningskonsert i Aurdal kirke
 

NB! Kåre Nordstoga er ikke med på avslutningskonserten.
 

Programleiar: Erling Dahl jr. 

Lengd: 1 t 30 min

PROGRAM

Arthur Honegger: Sonatine for to fiolinar i G-dur H.29, 1.sats
Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing


Carlo Gesualdo da Venosa: Se la mia morte brami
Knut Nystedt: I stenbrottet
Valdres Kammerkor


Lasse Thoresen: Invocation of Rising Air
Julien Quentin


Per Egland: «Hava Nagila» (Israelsk folkesang), arr. for fløyte og strykarar
Sharon Bezaly, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Lilli Maijala, Georgy Kovalev,
Adam Krzeszowiec og Andreas Brantelid


Camille Saint-Saëns: Violons dans le soir
Mari Eriksmoen, Eldbjørg Hemsing og Julien Quentin

 


Cesar Franck: Panis Angelicus
Mari Eriksmoen, Valdres kammerkor og Julien Quentin

Ruggero Leoncavallo: Klokkekoret frå operaen Pagliacci
Valdres Kammerkor og Julien Quentin


Georg Friedrich Händel: Frå Sonate nr 2 i g-moll
Ragnhild Hemsing og Adam Krzeszowiec


Georg Friedrich Händel: Rejoyce frå Messias
Mari Eriksmoen og Julien Quentin


Georg Friedrich Händel: Da tempeste il legno infranto
Mari Eriksmoen, Julien Quentin, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Lilli Maijala, Georgy Kovalev,
Adam Krzeszowiec og Andreas Brantelid

Please reload

major.jpg
sponsor_valdres.png
sponsor_ofk.png
sponsor_dextra.png
sponsor_kulturraadet.png
sponsor_hedda.png
sb1hv.png

Capricorn Offshore AS