Festival­program 2024

Velkomen til Hemsingfestivalen og til Valdres!

Det er ei stor glede for oss å ynskje velkomen til ein ny Hemsingfestival i veke 6, frå torsdag 8. til sundag 11. februar 2024 der store internasjonale stjerner frå heile verda kjem til den vesle fjellbygda vår, Aurdal, med rundt 700 innbyggjarar. Me gler oss til å presentere eit spennande og variert program med fantastiske musikarar.

Trykk her for å lese meir

Ynsket vårt er som mottoet vårt, nemleg å skape intime møte med stor musikk! Den magiske stemninga i tette møte mellom publikum og oss musikarane gir oss mykje. Me ser fram til å gi gode og unike musikkopplevingar med mange høgdepunkt og stor musikkglede.

Festivalprogrammet for 2024 inneheld 15 ulike konsertopplevingar på fire dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. Me gler oss til de får høyre musikk framført av spennande verdskjente stjerner og kjente norske artistar i tett samspel. Det blir også eit gledeleg gjensyn med fleire av artistane frå tidlegare år, som Håvard Gimse, Benedict Kloeckner og Mario Häring. Nye spennande musikarar som den norske sopranen Ingeborg Gillebo, Valdres sin eigen Sivert Holmen på hardingfele, samt skotske Maxwell Quartet med sekkepipespelaren Brighde Chaimbeul kjem til å opptre på fleire av konsertane. Sjå gjerne heimesida vår for heile artistlista. Nytt av året er at me skal ha vinsmaking ved Ingvild Tennfjord kombinert med musikk av Hemsingfestivalens artistar på Danebu Kongsgaard på fredagskvelden. Laurdag kveld vil det igjen vere arrangement i Frikar-Smia i Aurdal, nemleg ein «Draumekonsert» med festivalens artistar, der publikum også kan få kjøpe mat og drikkevarer. Det blir også eit ope kurs for alle i tradisjonsdansen springar ved Hallgrim Hansegård frå FRIKAR.

I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia kan besøkjande også hyggje seg med «Smak med tonar» på Nythun, foredrag og «Musikkapperitiff» på Frydenlund skysstasjon, konsertlunsj «Rakfisk Forte Fortissimo» på Noraker gard og matinékonserten «Musikksporet» i Aurdal fjellkirke med guida skiturar på Aurdalsåsen og frå Nythun til Aurdalsåsen, der publikum får oppleve dei fine skiløypene i området.

Me gler oss til at de får oppleve dei unge talenta som deltek i FRAMR på festivalen i 2024. FRAMR er festivalens eige talentprogram, og det einaste og fyrste programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein open audition-runde. De vil få høyre fleire av talenta opptre på festivalen i ulike samansetningar.

Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.

Me ynskjer dykk fine opplevingar og magiske augneblikk. Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!

Venleg helsing festivalens kunstnarlege leiarar,
Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing

Vel dag

Trykk på ein av dagana nedanfor for å sjå programmet for den dagen.

Torsdag

feb

08

Fredag

feb

09

Laurdag

feb

10

Sundag

feb

11

Festivalprogram 2024

Klikk på eit av arrangementa for å lese meir.
Programhefte-pdf


feb
08

feb
09

feb
10

feb
11

Vel dag

Trykk på ein av dagana nedanfor for å sjå programmet for den dagen.

Torsdag

feb

08

Fredag

feb

09

Laurdag

feb

10

Sundag

feb

11