Hemsingfestivalen

Konsertserie

Konsert på Nythun

25.11.2023


Velkomen til festmiddag og konsert på Nythun i Valdres, laurdag 25. november kl. 18.00.

Medverkande:
Ann-Helen Moen, sopran
Håvard Gimse, klaver
Eldbjørg Hemsing, fiolin
Ragnhild Hemsing, fiolin

Info om konsertprogrammet kjem. Pris for 5 rettars middag av ypparste kvalitet og konsert: kr 1790,- per person.
Vil du overnatte fra fredag til sundag? Pris kr 1900,- pr person for rom og stor frukost.

VETRA, konsert og plateslepp

Sundag 29.oktober 2023, kl. 18, Aurdal kirke


Velkomen til konsert og plateslepp med Ragnhild Hemsing og hennar nye plateprosjekt VETRA.
Medmusikantar: Mathias Eick (trompet), Steinar Raknes (kontrabass), Terje Isungset (perkusjon), Ole Aastad Bråten (langeleik), Knut Aastad Bråten (langeleik), Marthe Husum (bratsj), Frida Fredrikke Waaler Wærvågen (cello).
På programmet står nye tolkingar av Lindeman sine folketonenedteikningar frå Valdres frå 1800-talet i tillegg til eigenkomponerte låtar. Vi har ein rik og levande folkemusikktradisjon i Valdres, men denne kulturarven kunne lett vorte borte for oss om ikkje innsamlarar som Ludvig Mathias Lindeman hadde tatt turen til dalføret vårt. Han var nøye med å skrive ned tittel og namn på variantane han fann. Dermed har Ragnhild Hemsing også kunne velje melodiar der ho kan vise dei lokale variantane av same melodi i Valdres. Dette er svært interessant og seier noko om rikdomen i kulturarven, og korleis folkemusikken og folketonane har utvikla seg innanfor eit avgrensa område i løpet av 100 år.
Ragnhild har tatt steget vidare i eit kunstnerisk prosjekt der ho presenterer smakebitar frå den rike kulturarven i ein spanande og moderne setting, dette i lag med erfarne og dyktige musikarar innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk.
Fleire av melodiane på VETRA er arrangert av Tormod Tvete Vik, som Ragnhild tidlegare har samarbeida med på hennar kritikarroste album, «Røta» og «Peer Gynt».
VETRA blir lansert internasjonalt fredag 3. november på plateselskapet Berlin Classics.

Link til singlar frå plata:
https://spotify.link/xpZy6dVK3Cb

Klikk her til billettsal!

Velkommen til julekonsert i Trykkeriet på Fagernes 22.12, kl. 20.00!

22.12.2023


Nok en gang har Hemsingfestivalen , i samarbeid med Valdres sommersymfoni, gleden av å invitere til en felles julekonsert!
Denne hyggelige juletradisjonen ble arrangert første gang i 2017, og har siden den gang hatt fullsatte saler.
I år blir konserten i den splitter nye Vektersalen på Trykkeriet kulturarena på Fagernes. De kunstneriske ledere for hver festival, Guro Kleven Hagen fra Valdres sommersymfoni, og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing fra Hemsingfestivalen, har med seg gode venner og lover vakre toner og julestemning fra start til slutt!

Pris: 370 voksen /150 student/barn

Klikk her for å bli teken til billettsal!