FRAMR

Hemsingfestivalens talentprogram for klassisk og folkemusikk

Talentprogrammet FRAMR

FRAMR er Hemsingfestivalens talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er det einaste og fyrste i sitt slag som rettar seg mot unge talent frå begge sjangrar, og har som mål å gje innsikt i kva rolle folkemusikken har for den klassiske musikken og omvendt. 

Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein ope audition-runde. Fire til seks unge talent blir invitert til festivalen i 2024. Planen er å gradvis opne opp for fleire deltakarar for kvart år. Tilbodet skal vere gratis for deltakarane, og dei får dekt alle utgifter på festivalen som til dømes overnatting, måltider og reise. Talenta får tilgang til dei fleste av konsertane under festivalen (gjeld ikkje konsertane på Nythun og Noraker Gard).


des
15

Søknadsskjema

Søknadsfrist
Søk her

Kven kan søkje?

Me vil høyre frå deg som er mellom 15 og 22 år og som er lidenskapeleg oppteke av musikk og som ynskjer å utvikle eige talent!

Innhald 2024

Onsdag 7. februar - søndag 11. februar under Hemsingfestivalen i Aurdal, Valdres

Sjå kven som var dei handplukka talenta under Hemsingfestivalen 2023 her

Meisterklasser i klassisk musikk og folkemusikk. Innføring i tradisjonsmusikken spesielt frå Valdres, kurs i tradisjonsdansane halling og springar, deltaking som musikarar i utvalde verk på konsertar under festivalen, samproduksjon med talentprogrammet Frikar X,  kurs i sceneopptreden og presentasjon.

Følgjande musikarar og kunstnarar vil gje undervisning:

Ragnhild Hemsing (fele, hardingfele)

Håvard Gimse (klaver)

Tamar Bereia (klaver)

Benedict Kloeckner (cello)

Sivert Holmen (hardingfele)

Jo Asgeir Lie (trekkspel)

Liv Bernhoft Osa (skuespiller)

Per Sundnes (kulturjournalist)

FRIKAR dansekompani ved Hallgrim Hansegård (tradisjonsdans)

FRIKAR X

Undervisninga vil bli tilpassa talenta som blir valt ut til å delta på FRAMR.

Spørsmål: Ta kontakt med prosjektleiar og produsent Maren Jørstad, +47 47 83 21 31/ info@hemsingfestival.com

Konsert med talent fra FRAMR talenetprogram for klassisk musikk og folkemusikk

Kva betyr FRAMR?

Ordet kjem frå gamalnorsk og kjem med desse tydningane:

  • `god, gjæv’

  • i den leia ein ser eller fer framover, mot eit visst mål, ofte med overført tyding

For oss betyr det også:

  • Å løfte nokon FRAM. Retning ligg i ordet.

  • Å ha noko å sjå fram til. Fram igjennom tidene.

  • Beint fram: ein kunstner som går beint fram.

  • Mellom nokon punkter. Startar ein plass og skal vidare = skjæringspunktet mellom folkemusikk og klassisk musikk.