Vår nye produsent

Me gler oss over å endeleg presentere Hemsingfestivalen sitt nyaste tilskot i administrasjonen; Maren Jørstad! Etter 10 år som festival har me no nye og ambisiøse planar for utviklinga vidare. Me er difor veldig glade for å ha fått ein så dyktig produsent som Maren Jørstad med på laget. Me ser fram til samarbeidet!

Maren Jørstad er produsent hos Hemsingfestivalen
Foto: Mette Karlsvik

Sjølv seier Maren:

Hemsingfestivalen er en anerkjent internasjonal kammermusikkfestival med svært høyt kunstnerisk nivå i vakre Aurdal i Valdres. Å få være med i det videre utviklingsarbeidet for festivalen, samt å være med på å gjennomføre 10-årsjubileet i uke 8 i 2023, er noe jeg gleder meg veldig til.

 

Maren er musikk- og kulturutdanna og har sjølvsagt spelt på eige instrument. Då var det bratsj som gjaldt. Elles kan Maren spele på fleire strengar og har erfaring frå blant anna Kulturrådet og NRK.

Previous
Previous

Lytt til Hemsingpodden

Next
Next

Program og billettar 2023 — ute no!