Oppdatering om Hemsingfestivalen 2021

Som festivalarrangør er me no i ein situasjon med stor usikkerheit og med nye strengjare retningslinjer og restriksjonar på grunn av covid-19. Etter samtaler med kommuneoverlegen i Nord-Aurdal, har administrasjonen i samråd med styret til Hemsingfestivalen no vedteke å flytte festivalen frå februar til 8.-10. oktober. Dette er difor inga avlysning, men ei endring av datoar. 

Festivalen i oktober vil bli gjennomført med same plan som me skulle hatt i februar i år, og me håpar å sjå deg på Hemsingfestivalen i oktober!

Informasjon om festivalprogrammet og sal av billettar vil bli oppdatert fortløpande på heimesida vår, www.hemsingfestival.com

Ta kontakt med festivalhotellet vårt, Nythun, for booking av rom.

Hjarteleg velkomen til intime møte med stor musikk 8.-10. oktober 2021.

  

Beste helsing,

output-onlinepngtools.png

Eldbjørg og Ragnhild på vegne av Hemsingfestivalen  

Previous
Previous

Hemsingfestivalens digitalkonsert: «Vinterstemning frå Valdres»

Next
Next

Omtale i tyske Niusic: «Med ski og sledehund»