UngINN: Festivalbillett for ein 100-lapp

Kva er UngINN?

UngINN-kortet er gratis og gjeld for alle ungdommar i Innlandet frå og med året du fyller 13 og ut året du er 21.

Gir deg rabatt på kulturtilbod

UngINN gir deg rabatt på forskjellige kulturtilbod i heile fylket! Slik skal det vere enklare for ungdom å benytte seg av kulturtilboda i fylket.

Med dette medlemskortet kan ein på årets festival få billettar til kun ein 100-lapp på konsertane: Konsertkviss fredag 24.feb og Draumekonsert lørdag 25.feb. Begge konsertane vert arrangert i Frikar-Smia.

Bestill UngINN

Alle ungdommer mellom 13 og 21 år som bor i Innlandet fylke, kan få UngINN-kortet for ungdom. Du må vise UngINN-kortet og legitimasjon når du nyttar UngINN-rabatten.

Om ikkje kortet har kome fram før konsertane vert arrangert, kan du syne oss bestillingskvittering.

Bestill billett på vanleg måte gjennom vår billettportal TicketCo. Dei to konsertane som har rabatt - har eigne billettkategoriar for UngINN-rabatten.

Previous
Previous

Per Sundnes opnar jubileet!

Next
Next

Lytt til Hemsingpodden