Hemsingfestivalen 2023

Onsdag

Dag 1, 22. februar

Onsdag

feb

22

Torsdag

feb

23

Fredag

feb

24

Laurdag

feb

25

Søndag

feb

26

 
Musikkhage
feb
22

Musikkhage, barnekonsert i iglo med Terje Isungset ved Frikar-Smia, Aurdal

09:30
Lukka arrangement


For barnehage, 4-5 år.

 
Åpningskonsert
feb
22

Festopning i Aurdal kyrkje

19:00 / 1t 30min
490,-
Kjøp billett


Kunsten har alltid reflektert tida han er skapt i – enten han har vore tilbakeskodande, samtidig eller framtidsretta.

Opningskonserten gir eit godt bilete på dette når han startar med når han startar med musikk i dag og frå eit land som står midt i ein forsvarskrig – ein krig som like mykje er eit forsvar av nasjonal identitet som av land.

Folkemusikken har alltid vore her og blitt tolka av musikarar og songarar som både har skapt tradisjon og vore grensesprengande. Ludvig van Beethoven var grensesprengande framfor nokon. I over 100 store verk står dei 32 sonatane for piano som ei søyle i pianolitteraturen.

«Waldsteinsonaten» er nr 21 i rekka og har tilnamnet sitt etter greve Ferdinand Ernst Gabriel von Waldstein som sonaten var dedisert til. Og så avsluttar ein med håpet som kunsten alltid har vore oppteken av. Oktetten av den 16-årige Felix Mendelssohn boblar over av ungdommeleg vitalitet og genial musisering, og denne musikken gir oss tru på at viss dei unge stemmene slepp til, kan det vere håp for oss alle.

Det er ei glede å kunngjera at Per Sundnes, kjent frå blant anna Klassisk vorspiel på NRK Klassisk, held årets opningstale.

Velkomen til festivalopning og startskot for 10-årsjubileet!

Trykk her for program

Programleiear: Erling Dahl jr,
Opningstale ved: Per Sundnes

♫ Valentin Silverstrov: «The Messenger» for solo klaver
Anna Fedorova

♫ Samisk folkemusikk møter tradisjonsmusikk frå Valdres med naturens perkusjonist Terje Isungset
Framføring av Marja Mortensson, Ragnhild Hemsing og Terje Isungset

♫ Beethoven: Klaversonate op. 53 „Waldstein“
Martin Stadtfeld

♫ André Bjerke «Kunstneren»
ved Per Christian Ellefsen

♫ Mendelssohn: Strykeoktett Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Adrien La Marca, Jonathan Roozeman, Goldmund Quartet

 
Kveldsmat på Nythun
feb
22

Kveldsmat på Nythun

21:00
300,-
Bestill direkte med Nythun

Me vil anbefale eit måltid på Nythun etter opningskonserten. Nythun serverar god og fyldig suppe med påfyll og brød, og avsluttar med ei dessert og kvelds-te.

Bestill direkte med Nythun post@nythun.com.
Hugs å oppgi eventuelle allergiar i påmeldinga

 

Neste dag

feb

23