Me mottok Målprisen 2023

De har sikkert lagt merke til at hjå Hemsingfestivalen er det dialekt og nynorsk det går i! Me har difor kome Valdres Mållag for auga, og i helga kunne me motta “målprisen”. Dette set me stor pris på , og verdsett oppgåva som dialekt- og målambassadør.

Me synest at når ein inviterer til noko i Valdres, så må ein halde på dialekta og nynorsken.

Valdres Mållag deler kvart år ut målprisen i samband med årsmøtet sitt. Årsmøtet vart halde søndag 12. mars, på Åsvang samfunnshus i Vang. Då var det tid for utdeling av fleire prisar, mellom anna målprisen.

Les saka i Avisa Valdres her

“Mor” Bente Hemsing mottok prisen på vegne av festivalen, mars 2023

Next
Next

Post frå Tyskland: I ti år har Hemsingfestivalen vist at det finst ein annan måte